Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!

For sjette år på rad har Altibox, som vert levert av Finnås Kraftlag, dei mest tilfredse breibands- og digital-TV-kundane i Norge, ifølge EPSI. Dette er ikkje vanlig kost i Norden.
I same kundeundersøking kjem Finnås Kraftlag best ut, med høgast score av alle Altibox Partnarane.

I følgje EPSI Rating Norge er det kkje vanleg å inneha ein topp-plassering seks år på rad i slike undersøkingar, verken i norsk eller nordisk samanheng. EPSI meinar at dette tyder på at Altibox-partnerskapet har funne oppskrifta  for å gjera kundane nøgde.

At kundane i Finnås Kraftlag er nøgde med oss, både som breiband- og straumleverandør, er me svært glade for og me har som mål å yta ekstra god service til kundane våre. Resultatet av EPSI undersøkinga motiverar oss til å stå på vidare, for å bli endå betre, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen.

Meir enn 2500 nordmenn har svart på spørsmål i EPSI Norges kundeundersøking. Altibox leverer tenester til Finnås Kraftlag og ei rekke andre lokale leverandørar som blir målt av kundane i undersøkinga. Altibox fekk ein score på 71,7 poeng, av 100 mulige på breiband og 69,8 poeng på tv. Et resultat som plasserer Altibox på toppen av listene i begge kategoriar.

Fiber er nøkkelen

Altibox scorar best innan kundetilfredsheit for breiband. Der kjem HomeNet og andre leverandørar på plassane bak. Gjennomsnittleg poengscore på kundetilfredsheit for breibandsaktørane er 65,0 medan Altibox får 71,7.
- Finnås Kraftlag har no 4500 kundar på fiberbreiband, og kan i dag tilby fiber til alle kundar på Bømlo, frå yttarst på Goddo i nord til Espevær i sør. Godt breiband er viktig for å oppretthalda busetting og eit godt næringsliv på Bømlo, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen hos Finnås Kraftlag.

Altibox har som mål å tilby alle kundar gigabit-hastigheit allereie i 2016. Ein massiv operasjon med å klargjera fibernettet til slik hastigheit er i gong blant Altibox-leverandørar over heile landet.

Nøgde TV-kundar

Blant TV-leverandørane deler Altibox førsteplassen med Canal Digital Parabol. RiksTV endar på tredjeplass med 66,8 poeng, etterfølgt av Get, gruppa «andre leverandørar», Viasat og Canal Digital Kabel. Gjennomsnittleg poengscore på kundetilfredsheit for TV-leverandørane er 66,7. Altibox ligg altså over tre poeng høgare enn snittet med 69,8.

EPSI, kundetilfredsheit digital-TV privatmarknaden 2015:
1. Altibox 69,8
2. Canal Digital Parabol 69,8
3. RiksTV 66,8
4. Get 66,0
5. Andre leverandører 64,3
6. Viasat 63,1
7. Canal Digital Kabel 63,0
Bransjesnitt: 66,7

Meir om undersøkinga:

Breiband
TV
Sammendrag

Om EPSI Rating

EPSI Rating er leiande leverandør av uavhengige kundetilfredsheitsanalysar, og er å sjå som en ekstern revisor av kundemassen. EPSI samlar inn, analyserer og formidlar informasjon om kundane sine forventningar, opplevd kvalitet og verdivurdering av produkt og teneste. Det norske selskapet er ein del av EPSI Rating Group som gjennomfører kundetilfredsheitsstudiar i hele Norden og i fleire andre europeiske land. I Sverige jobbar EPSI under namnet Svenskt Kvalitetsindex – SKI.

 

 

 

Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
 Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Breibandskunde nr. 4.000
Breibandskunde nr. 4.000
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Trådlaus TV
Trådlaus TV