Breibandskunde nr. 4.000

I september 2005 fekk første privatkunde lagt inn breiband frå Finnås Kraftlag. Omlag to år seinare, sommaren 2007, hadde 1.000 kundar fått installert breiband. Det tok berre vel eitt år før nye tusen kundar hadde fått installert breiband, og midt i oktober 2008 vart breibandskunde nr. 2.000 kopla til fibernettet.
Frå første oppkopling av breibandskundar i 2005 har Finnås Kraftlag kontinuerleg kopla til nye kundar og 29. juli 2014 vart kunde nr. 4.000 kopla til fibernettet i Kraftlaget og samstundes vart det markert at 30.000 kundar no får fiberbreiband frå Haugaland Kraft og samarbeidspartnarar. Ein milepæl er nådd i Finnås Kraftlag og det vart derfor gjort ekstra stas på Nelly Meling (88), som vart breibandskunde nr. 4.000. I middagstida tysdag 29. juli kom divisjonssjef Jan Håland i Haugaland Kraft (til venstre på biletet) og avdelingsleiar breiband hos Finnås Kraftlag, Anders Engevik på besøk til Nelly Meling med blomar, iPad og eitt års gratis breibandsabonnement.



 

Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
 Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Breibandskunde nr. 4.000
Breibandskunde nr. 4.000
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Trådlaus TV
Trådlaus TV