Chill er lansert for PC og Mac

Tv og film kvar du vil!

No er Altibox Chill lansert!

Med Chill blir tv- og filmtenesta til Altibox tilgjengeleg på fleire plattformer. Me gir deg fridomen til å sjå kva du vil, kvar du vil og når det passar for deg. Har du tv-basispakken frå Altibox, internett tilknyting og befinn deg kvar som helst i Noreg, kan du velja blant både tv-kanalar og i filmbiblioteket vårt. Me kallar det grenselaus underholdning! 

Altibox Chill er eit nytt produkt frå Altibox som lar deg sjå ei rekkje TV-kanalar og leige film på PC/Mac og etter kvart nettbrett og smarttelefon. Sjølve Chill- portalen er open for alle internettbrukarar som held til i Noreg. Utan innlogging kan du sjå filmtrailarar og eit knippe gratis TV-kanalar.

Ved å logga inn på Chill får du som har tv-basispakken frå Altibox tilgang til fleire tv-kanalar og filmleige. Du kan velja mellom to abonnement: Chill In og Chill Out. Med Chill In har du tilgang til tv og film i heimen din, innafor rekkevidda av det trådlause nettverket. Med Chill Out har du tilgang også utanfor heimen - kvar som helst i Noreg så lenge du er kopla til internett.

TV guide for Chill

Det er nokre færre tv kanalar i Chill enn i tv basispakken. Tv-guiden for Chill finn du her >>>

Korleis få Chill på PC og Mac

Her finn du vegleiing >>>

Chill er lansert for PC og Mac
Chill er lansert for PC og Mac
Nytt om kanalar
Nytt om kanalar
Chill
Chill
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!