Spelportalen

Me kan by på Noregs kjappaste spelservarar og filarkiv.

Spelportalen med butikk

 

No treng du ikkje gå i butikken for å kjøpa spel!

Multigamer.no har lansert ein splitter ny spelbutikk. Her kan du kjøpa og lasta ned spel direkte. Det fins eit breidt utval av spel til heile familien, og med fiber frå Altibox er spela lasta ned på ein blunk!

Kvar er CDen med spel?

Når du kjøpar spel over Internett slepp du å halda reie på CDen med spel. Spelet kan du lasta ned så mange gangar du ønskjer. Har du i tillegg kjøpt spelet hos Multigamer, og ikkje på DVD, slepp det å bli fullt kaos når spel skal installerast på mini-pc utan DVD-spelar.

Dessutan er det miljøvennleg å lasta ned spel via Internett, - du slepp emballasje, frakt og produksjon av sjølve spelet.

Tross vind og ver, eller ikkje...

Hadde du planlagt å stilla deg opp utanfor ein spelbutikk natta før det etterlengta spelet ditt slippes? Det slepp du om du kjøpar spelet frå Multigamer.no. Du er klar til å spela med ein gang spelet slippes. Ingen kø, ikkje noko regn og ikkje minst; aldri utseld for spelet!

Multigamers spelbutikk tilbyd pr. i dag over 700 spel frå alle dei største utgiverane i verda og det kjem nye titlar kvar veke.

Multigamer.no er no offisiell EA Ranked Server Provider

Multigamer.no er og einaste aktør i Noreg som tilbyr utleige av spelserverar for Battlefield Bad Company 2 og Medal of Honor som kjem snart. Me kan by på Noregs kjappaste spelservarar og filarkiv, og i tillegg byr no spelsida på tett integrasjon av sosiale medier som Twitter og Facebook og ein oppdatert brukarprofil. Bli med inn i ein virtuell verd der du kan spela og snakka med folk over heile verda!

Multigamer.no byr på eit breidt spekter av spelnyhende og stort utval av gratis spelserverar, og har det breiaste utvalet i Norden av gratis spelserverar. For tida er det 15 forskjellige spel å velja mellom, men dette talet vert snart auka. Du kan i tillegg lasta ned demoer, oppdateringar og programvare.

Multigamer.no er eit såkalla gaming community - ein nettstad der pc-spelarar samlar seg og spelar mot kvarandre, oppdaterar seg på nyhende, snakkar saman i forum og møtast til konkurransar og spelkveldar.

Stabil oppetid og topp hastigheit er viktig for å få ei god speloppleving. Derfor er Multigamer.no skreddarsydd for Altibox-kundar.

Kva er online gaming?

Det finst to hovudtypar "dataspel": Konsoll eller pc. Døme på konsollspel er Playstation, Nintendo og Xbox der du spelar på eigahand eller online med venner. Du kan også spela via pc'en, og då ofte via såkalla spelserverar på nett.

Multigamer.no er inngangsportalen til eit stort utval online-spel med rask og stabil oppkopling. Og desse kan du spela "live" mot folk i heile verda, og du kan til og med snakka med dei mens du spelar.

Multigamer finn du også ein spelbutikk som pr. i dag tilbyr over 700 spel frå alle dei største utgjevarane i verda og det kjem nye titler kvar veke. Her kan du kjøpa og lasta ned spill direkte. Multigamer.no tilbyr eit breidt utvalg av spel til heile familien, og med fiberlinjer frå Altibox er spela lasta ned på eit blunk!

Kvifor leiga server?

Om du vil vera med på dei verkeleg proffe spela, og samla heile online-vennegjengen, så har du sannsynlegvis ikkje nok datakraft på heime-pc'en din. Då må du flytta spelinga over til ein server på nettet. Desse serverane har ekstremt stabilt nettverk og masse bandbreidde. Det er nett her du verkeleg får glede over samarbeidet mellom Multigamer.no og Altibox. Spelportalen sine serverar er plassert i Altibox sitt fibernettverk, og har derfor vesentleg betre hastigheit enn andre serverar på Internett.

Multigamer
Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
 Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Breibandskunde nr. 4.000
Breibandskunde nr. 4.000
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Trådlaus TV
Trådlaus TV