![]() |
KUNDESUPPORT BREIBAND: 53 42 89 20 (mån-fre: 08.00 - 19.00) | ![]() |
|||||||||||
|
|||||||||||||
Nye superhastigheiter på internettAltibox leverar nye superhastigheter på internett. Du kan no bestilla internett-linjer på 100/100Mbit/s, 200/200Mbit/s og 400/400 Mbit/s.
Sjølv om det no kjem superraske hastigheiter kan du sjølvsagt fortsatt velja dagens hastigheiter på 10/10 Mbit/s, 30/30 Mbit/s og 50/50 Mbit/s. Alle Altibox sine breibandslinjer har like rask opplastingshastigheit som nedlastingshastigheit. Dette tydar at ein 100/100 Mbit/s linje dermed har totalt 200 Mbit/s tilgjengeleg bandbreidde til å henta og senda data. Med desse nye hastigheitene tilgjengeleg er Altibox i forkant av utviklinga og langt framfor konkurrerande teknologiar. Fiberkabalen som me brukar vert data overført med lysets hastigheit. Dette er den einaste kjende teknologi pr. idag som har tilsvarande potesiale når det gjelde overføringskapasitet. Finnås Kraftlag legg fiberkabelen heilt heim til kunden. Av gode eigenskapar som fiberkabelen har kan nemnast; toleranse i forhold til påverknad frå elektromagnetisk støy, ingen påverknad av naboen sin internett bruk eller tv titting. Pr. idag er det berre tatt i bruk ein liten del av potensialet i fiberkabelen, og 400/400 Mbit/s linjer er bare eit lite steg framover. Kravet til høgare hastigheit på internett aukar i takt med den teknologiske utviklinga. Stadig meir video- og multimedia innhald vert lagt ut på internett, og alt krev høg bandbreidde. Til dømes tar nedlasting av ein HD-film meir bandbreidde enn å besøkja 35.000 nettstader. Nettverksleverandøren Cisco framla nyleg prognose for korleis internett vil veksa i åra framover, og denne visar at det er forventa ein firdobling av nettrafikk innan 2014. Prisar:Produktet gjeld frå 16. juni 2010. Etableringa kostar det samme månadsavgifta. * 100/100 Mbit kr. 2.990,- pr. mnd. Ligg i forkant, og bestill "motorveg" heim med ein gang! Kontakt oss på breiband@finnas-kraftlag.no. |
|












