![]() |
KUNDESUPPORT BREIBAND: 53 42 89 20 (mån-fre: 08-20 laur: 10-14) | ![]() |
|||||||||||
|
|||||||||||||
10 nye HD kanalarAltibox er den eineste tv-distributøren i Noreg som sendar alle kampane frå Barclays Premiere League direkte, - og i HD-kvalitet.
Fotball 24 timar i døgnetAltibox tar i bruk 10 nye HD-kanalar for å senda alle kampane frå Barclays Premier League direkte. Nytt på Altibox er også Barclays Premier League sin eigen HD-kanal med fotball 24 timar i døgnet og det er mogleg å få engelske kommentatorer på mange av kampane. Opptil 10 HD kanalar per serierundeFor å senda alle kampane krevest det opptil 10 HD-kanalar per serierunde. Altibox sendar dei tre Premiere League HD-kanalane til TV 2, i tillegg til å utvidea tilbodet med ekstra kanalar når mange samtidige kampar i England krev dette. TV 2 Premier League HD sendar stoff frå Barclays Premier League 24 timer i døgnet. Kanalen vil senda direktekampar, engelskproduserte magasin og eigenprodusert materiale frå TV 2 Sporten. Altibox vil senda inntil sju ekstra HD-kanalar for å overføra alle kampane frå kvar serierunde. TV2 Premier League HD er ein tilleggspakkeDenne vert tilgjengeleg for kjøp frå Altibox for alle kundane våre - forutsatt kjøp av tv-basispakke eller meir. • Denne pakken vil også innehalda norsk toppfotball frå seriestart i mars 2011 Altibox kombinerar det beste frå internett og tv for å presentera engelsk toppfotball. Frå Altibox sin fotballportal er det mogleg å følgja fleire kampar på tv-skjermen samtidig. Kundane kan følgja kampane til favorittlaget og samtidig sjå mål frå andre kampar, og veksla mellom kampar og høgdepunkt med enkle trykk på fjernkontrollen. Heile Barclays Premier League i HDI samarbeid med TV 2 vil Altibox senda alle kampane som vert produsert frå Barclays Premier League. Det vil vera ein fotballkanal til kvar kamp. Vert det sendt ti kampar samtidig så vil du kunne velgja mellom ti ulike fotballkanalar der det er mogleg å velgja det viktigaste som skjer, når det skjer. Erfaringen Altibox har gjort med norsk fotball er årsaken til at det vert satsa vidare på engelsk fotball. Under OL i Vancouver fekk svært mange augene opp for at HD-kvalitet aukar kjensla av å vera tilstades der det skjer. Så å seia alle kampane frå England vert sendt i HD-kvalitet. I tillegg til å kunna følgja kampane direkte er det hos Altibox mogleg å oppleva heile serierunden i opptak. Frå fotballarkivet kan kundane sjå kampar om igjen eller gjenoppleva høgdepunkt og scoringar. Fotballpakke til kr 179 per månadAltibox har i dag Tippeligaen som ein del av tv-basispakken. Frå 2011 sesong vil all norsk toppfotball inngå i Altibox sin nye fotballpakke. Prisen med bindingstid i 12 månader vil vera kr 179 per månad. Utan bindingstid kostar fotballpakken kr 199 per månad. Tilbodet om å sjå kampar på nett-tv inngår i prisen på fotballpakken til Altibox. 14. august braka det lausDen 14. august 2010 starta TV 2s Barclay Premier League-satsing på kanalen TV 2 Barclay Premier League HD. TV 2 Barclay Premier League HD sendar stoff frå Barclay Premier League 24 timar i døgeret. Kanalen vil senda direktekampar, engelskproduserte magasin og eigaprodusert materiale frå TV 2 Sporten. TV 2 vil produsera studiosendingar før, i pausen og etter hovedkampane laurdagar, søndagar og mandagar. Desse sendingane vil gå føre seg frå Bergen i det nybygga HD-studioet som er dedikert til Barclays Premier League-dekkinga. Det er planlagt fem kamera i studioet som vil innehalda moderne avviklingsteknologi. Sendingane før, under og etter kampane vil gå frå dette studioet. ProfilerErik Thorstvedt er Noregs kanskje beste keeper gjennom tidene. Han var sjølvskriven på landslaget i ei årrekkje, og endte med heile 97 kampar med flagget på brystet før han la opp i 1996. Han har spelt for Madla, Eik Tønsberg, Viking, Borussia Mönchengladbach, IFK Göteborg og Tottenham. Under opphaldet i Tottenham vart han den første nordmannen til å vinna FA-cupen (i 1991). I 2009 vart Thorstvedt tilsatt som programleiar i TV 2 Sporten, der han leiar ”Matchball mandag” på TV 2 Zebra. Øyvind Alsaker er ein av TV 2 sine fremste fotballkommentatorar. Han jobba både i NRK og TV 2 før han gjekk over til Canal+ og dekka 13 sesonger med Premier League. Han vart henta tilbake til TV 2 som hovedkommentator i 2006. Lars Bohinen er ekspertkommentator i TV 2 Sporten. Han er tidligare fotballspeller og har spelt i ei rekkje norske klubbar, mellom andre Lyn, Vålerenga og Viking. I tillegg spela han 49 kampar for landslaget. Bohinen har også lang erfaring som utanlandsproff i Premier League, både frå Nottingham Forest og Blackburn, og Derby. Morten Langli er kommentator for TV 2 Sporten. Han har tidleare jobba med trav i både NRK og TV 2, og har seinare kommentert både sykling og ishockey. Jon Hartvig Børrestad har jobba som sportsjournalist i TV 2 sidan 2003. Han jobbar for tida som anker og programleiar i TV 2 Sporten. Før han tar fatt på Premier League til hausten, skal han også leia Før kampen-sendingane under fotball-VM i sommar. Alexander Schau er blitt ein fast gjest i ”Matchball Mandag”. Han kjem frå NRK P3, og har jobba med radioprogram som ”Karate”, ”FK Fotball” og ”FK Sport”. Thomas Aune har leia programma ”FK Fotball” og ”FK Sport” på NRK P3 saman med Alexander Schau. Thomas og Alexander har også skrive boka ”Mitt liv som ganske god fotballspiller” saman med Freddy dos Santos, som er dos Santos’ selvbiografi. |
|












