PVR teneste frå Altibox

Kort fortalt er PVR ei teneste der du kan ta opp program på ein enkel måte, for å kunne sjå tv når da passar deg. Me gjer tv-kvardagen din endå enklare. Det er mulig å styre PVR-opptakaren din på tre ulike måtar. Enten om du sit framom tv-en, er på internett eller kun har mobiltelefonen tilgjengelig kan du ta opp favorittprogrammet ditt.

Ta kontrollen du også!

Du kan bestille tenesta hjå oss direkte.

Om du vel å ha like mange dekodarar som før, tek du med deg den eldste og får ut ein ny hjå oss, som er klargjort for PVR tenesta.

Om du treng ein ekstra TV dekodar kan du hente den hjå oss og samstundes sei frå at du vil ha PVR tenesta. Pris for PVR tenesta: Sjå prisliste

Nå også med serieopptak og fleire spennande nyheiter!

No er det på plass nye funksjoner på HD PVR-dekodaren din som gjer tv-kvardagen din endå meir fleksibel. HD PVR- dekodaren er for deg som ønskjer den beste tv-opplevinga. Du treng ikkje foreta deg noko for å få dei nye tenestene – dekodaren din blir automatisk oppgradert så snart du har slått den av og på (straum heilt av). Dei nye tenestene er som følgjer:

Serieopptak

Følger du med på ein serie? No treng du ikkje lenger hugsa på å ta den opp kvar veke. Med serieopptaksfunksjonen får du alltid med deg siste episode av Himmelblå.

Tidsbaserte opptak

Tidsbasert opptak vert brukt til program som går til faste tider, men som ikkje er definert som serier. F.eks. Dagsrevyen og Barne TV.

Tidsforskjøvet vising

No har du muligheiten til å pause eller spole tilbake i det programmet du ser på. Bytttar du kanal, flyttar funksjonen over til den nye kanalen.

Ta opp to programmer samtidig

Me har gjort det enklare for deg. No an du nemleg ta opp program på to forskjellige kanalar samtidig.

Opptaka dine og massesletting

No kan du sletta fleire, eller alle, program samtidig. På denne måten blir styring av innhaldet på HD PVR-dekodaren din endå enklare.

NB! Dei nye PVR- tenestene er per i dag kun tilgjengelige via tv. Mobil PVR og tv-guide på nett vil bli oppdatert på eit seinare tidspunkt.

Nye kanalar i august
Nye kanalar i august
10 nye HD kanalar
10 nye HD kanalar
Nye superhastigheiter på internett
Nye superhastigheiter på internett
Nye PVR tenester!
Nye PVR tenester!