Tettare samarbeid

TV 2 og Altibox har inngått tettare samarbeid, og alle TV2 sine kanalar er tilgjengeleg hos Altibox. Dette tydar at alle Altibox tv-basiskundar no kan sjå TV 2 i HD-kvalitet!

TV2 HD br 555

Altibox har inngått eit strategisk og langsiktig samarbeid med TV 2. Målet er meir og bedre innhald til norske tv-sjåarar. Avtalen innebærar tettare samarbeid om innhald, formidling og marknadsføring.

Altibox og TV2 er to partar som utfyllar kvarandre; TV2 skapar godt innhald på TV og Altibox formidlar dette via den digitale plattformen.

Fotballkampar

TV 2 og Altibox har begge rettigheiter til å senda alle kampane frå Tippeligaen, og desse vert overført direkte på Altibox sin fotballportal. Etter kampslutt er det mogleg å sjå høgdepunkt frå alle kampane eller sjå om igjen heile kampar. Med dette samarbeidet mellom TV2 og Altibox vert fotballportalen styrka med redaksjonelt innhald frå TV 2.

TV 2 har frå hausten av rettigheiter til den engelske toppserien Premiere League, og den nye avtalen innebærar at Altibox vil distribuera kampar frå Premiere League.

Alle TV2 sine kanalar er tilgjengeleg hos Altibox

Frå 1. mai har alle Altibox tv-basiskundar kunne sjå TV 2 i HD-kvalitet! Alle TV2 sine kanalar er tilgjengeleg hos Altibox. Det er også eit tettare samarbeid om TV2 Sumo, som gjer det mogleg for deg å sjå innhaldet på TV2 når det passar deg.

På TV 2 HD kan du oppleva filmar, serier og program både frå Noreg og utlandet i knivskarp kvalitet. TV 2 HD har samme innhald som TV 2. Program som ikkje er tilgjengeleg i HD, vert sendt i vanleg tv-kvalitet. Andelen HD innhold vil auka etterkvart som TV 2 erverver eller eigenproduserar meir innhald i HD.

HDTV gir ein fantastisk bildekvalitet, vesentleg betre enn standard TV-signal. Bilda er skarpare, meir detaljerte og fargane klårare.

Korleis få inn TV2 HD?

TV 2 HD vil automatisk leggja seg nest bakerst i kanallisten foran NRK1 HD, utan at det er nødvendig å restarta dekodar. Dersom du ikkje har HD-dekodar/HD PVR-dekodar, vil bilde vera svart. Kundar med HD-dekodar/HD PVR-dekodar, som har kobla til med SCART vil få bilde, men då ikkje i HD-kvalitet. Det er å tilrå at alle med HD-dekodar/HD PVR-dekodar koblar til tv med HDMI-kabel, for HD-bilde og best mogleg lyd og bilde overføring.

Chill er lansert for PC og Mac
Chill er lansert for PC og Mac
Nytt om kanalar
Nytt om kanalar
Chill
Chill
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!