![]() |
KUNDESUPPORT BREIBAND: 53 42 89 20 (mån-fre: 08.00 - 19.00) | ![]() |
|||||||||||
|
|||||||||||||
Nye PVR tenester!PVR dekodaren din er no endå betre! Serieopptak er berre ein av mange nye mogelege funksjonar i den oppdaterte PVR tenesta.
HD PVR dekodaren er for deg som ønskjer den beste tv-opplevinga. Dekodaren vert automatisk oppgradert så snart du har slått han av og på. 1. SerieopptakDersom du føl med på ein serie så treng du ikkje lenger hugsa på å ta serien opp kvar veke med den nye PVR tenesta. Du gjer dette enkelt: via tv-guiden markerar du serien du ønskjer å ta opp. Trykk ein gang på REC på fjernkontrollen for å ta opp episoden du står på. Trykk to gangar på REC for å ta opp alle framtidige episodar i ein sesong. Program der det er mogleg med serieopptak er merka med ikonet SERIE. Når serieopptak er aktivert vil dette ikonet vert raudt. 2. Tidsbaserte opptakTidsbaserte opptak kan nyttast til program som går til faste tider, men som ikkje er definert som serie, t.d. Dagsrevyen og Barne-tv. Når du er i TV-guiden trykk på play/pause knappen på fjernkontrollen for å få opp menyen. Naviger til "opptak på tid" og still klokkeslett og dato i tillegg til at du vel om programmet skal takast opp dagleg eller vekentleg. Bekreft med grønn knapp. 3. Tidsforskjøvet visingNo vil det vera mogleg å setja på pause eller spola tilbake i det programmet du ser på. Byttar du kanal, flyttar funksjonen over til den nye kanalen. Funksjonen med å spola tilbake gjeld til tidspunktet då du skifta kanal, og du kan maks spola tilbake 60 minutt i ei sending. Dersom tilbakespoling er brukt, kan du spola fram til tidspunktet som er direkte i tv. 4. Ta opp to program samstundesVanskeleg å velja? 5. Massesletting av opptaka dineNo kan du sletta fleire eller alle program samstundes. Gå inn på "DVR - Dine valg" via fjernkontrollen og du kan velja om du vil sletta eitt, fleire eller alle tidlegare opptak på ein gang. Ved å trykka på grønn knapp kan du velja opptak for sletting. Kvart opptak som skal slettast må markerast med OK-knappen. Blå knapp slettar dei opptaka du har vald. Ønskjer du å sletta alle lagra opptak kan du gjera det med gul knapp. Start PVR frå Internett eller mobilenLes meir om korleis du startar PVR frå Internett eller mobiltelefonen >>> Vegleiing for dei nye PVR tenestenefinn du ved å klikka på bildet under. |
|













