Kvart år har CANAL+ Norgespremiere på ein rekkje prisbeløna og omtalte seriar. No vert desse samla på den nye kanalen CANAL+ Series, der seriesuksessene vil verta vist til sjåarvennlege tider.
Canal+ Comedy endrar profil og namn til Canal+ Series frå 1. april 2010. Totalt vil Canal+ fortsatt ha ti kanalar i porteføljen, ein kanalportefølje som består av sport, filmar og seriar. På programmet står fleire av dei største serieproduksjonene, og først ut er sci-fi-serien «V» som har premiere 1. april medan den storslåtte serien «Pacific» kjem nokre dagar seinare.
Les meir her om kva som kjem på den nye Canal+ Series >>>
Discovery Travel & Living har bytta namn til TLC Norge. Denne “nye” norske kanalen vart lansert 4. mars 2010.
TLC Norge er Discovery sine nye kanal dedikert for norske sjåarar. TLC Norge vil også i framtida senda dei mest populære programma frå den nordiske Travel & Living-kanalen, men TLC Norge vil også kunna programmera og planlegga program spesielt for norske sjåarar.
Discovery vil fortsetja å levera ein livsstilskanal til deg, som tilbyd favorittar som “LA Ink”, “Jon & Kate pluss 8” og ”What Not to Wear”, saman med mange nye spennande serier som ”Cake Boss” og interessante serier som ”Medisinske mysterier”.
No får Snurre Sprett, Scooby-Doo og Tom & Jerry endå fleire norske sjåarar. Frå 1. februar 2010 vart den populære barne- og familiekanalen Boomerang tilgjengeleg i norsk språkdrakt som ein del av Viasat Underholdning- pakken hos Altibox.