HD-kanalar inn i Tv-basispakken

HDTV m gullskrift toppbilde

SVT HD vart frå 1.1.2010 lagt inn i basispakken, utan ekstra kostnad. I tillegg vart NRK 1 HD lagt inn i basispakken frå februar, også dette utan ekstra kostnad.

SVT HD har parallell sendningar av sport, natur, drama og HD-produserte serier, som hovedkanalen SVT1 og 2. Programma vert sendt med høgkvalitetsbilderHDTV). Alle programma vert sendt parallelt i standard tv-kvalitet på dei andre ordinære SVT-kanalene, samtidig som dei vert  sende med HD-kvalitet på kanalen SVT HD. Det vil verta sendt minst ein HD-sending kvar dag mellom kl 18 og 23.

Frå 12. februar byrja NRK1 å senda program i HD. Starten var sendingar frå OL. NRK føl på med “Himmelblå”, “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix og eindel film – mellom anna “Spiderman 2".

Frå 1. mai kan alle Altibox tv-basiskundar sjå TV 2 i HD-kvalitet!

Viasat og TV 2 har dei norske tv-rettigheitene til sommarens fotball-VM i Sør-Afrika, og dei 64 kampane vert delt likt mellom dei to aktørene. Alle som har TV 2 HD kan dermed gleda seg til mange store fotballopplevingar i sommar.

Det er også eit aukande utval av filmar i HD kvalitet som kan leigast. Du finn den komplette utvalet på tv portalen.

For å få glede av sendingar i HD-kvalitet må du ha ein HD-ready dekodar. Ta kontakt med Finnås Kraftlag  på epost eller telefon 53 42 89 00 for å oppgradera.

Smaksprøve på Premier League på Altibox
Smaksprøve på Premier League på Altibox
Nye superhastigheter på internett
Nye superhastigheter på internett
Tettare samarbeid
Tettare samarbeid
Nye PVR tenester!
Nye PVR tenester!