Hittil er det lagt ut 13 av Brynjar Stautland sine filmar, og kundane våre får no gratis tilgang til desse filmane på TV-portalen. I tillegg ligg "Mary Constance" tilgjengeleg på TV-portalen.
For å finna dei lokale filmane vel du "Tjenester" på TV-portalens framside. Velg så "Haugaland" og trykk OK, du kan så velja mellom Bømlo, Haugesund og Mary Constance.
Brevet frå Doris
Sokneprest Peter Hermansen var fanga i Sachsenhausen under krigen. I filmen fortel han si dramatiske historie.
Birger Røksund fortel
Birger Røksund og ”Mindehøitidligheten paa Moster 1924”. Birger Røksund fortel om sine minner frå Moster i 1924 då Kong Haakon vitja Moster i 1924, då Krossen på Vetahaugen vart avduka som minne om Olav Haraldsons gudsteneste i 1024.
Hiskens Røgeri
Søren Sørensen fortel om sine minner frå Europas største silderøkeri.
Dei reisande
Ruth Pettersen fortel om sitt liv som ”reisande” langs Sunnhordlandskysten.
John Inge Svendsen
Bømlingen John Inge Svendsen, professor i geologi, fortel korleis landskapet på Bømlo har blitt til.

Kulleseidkanalen 150 år
Kulleseidkanalen var 150 år i 2006. Filmen fortel historia til dette store byggeprosjektet.
Lubbesild og nunna
Jan Ove Morlandstø og Per Arne Moldøen viser med glimt i auga korleis ein lagar,et og spelar på lubbesild.
Rubb motoren
Kåre Haldorsen viser oss gjennom motormuseet i smia, og fortel historiane bak dei legendariske motorane.
Spor i stein
Arkeolog Sigmund Alsaker tek oss (i 2003) med til Hespriholmen og Siggjatoppen der han fortel kvifor Bømlo vart råstoffsenteret på Vestlandet.
Kleber og kalk
Bømlo si historie som steineksportør er lang. Reportasjen gjev eit lite innblikk i klebersteins- og marmoreksporten frå middelalderen og framover.
Prof. Knut Fægri og Bømlo
Professor i historisk botanikk, Knut Fægri, fortel om sitt arbeid med Arkeologen Håkon Shetelig i Sokkamyro.
Kongevitjinga på Bømlo
På si signingsferd i 1991 kom Kong Harald og Dronning Sonja til Bømlo, og vart tekne i mot av eit feststemt folk i ein kommune som viste seg frå si beste side.
Den siste gullgravaren
Georg Wick var den siste attlevande som hadde arbeidd i grullgruvene på Lykling. I samtale med Jens Bauge fortel han om sine minner frå arbeidet i gruvene.