![]() |
KUNDESUPPORT BREIBAND: 53 42 89 20 (mån-fre: 08-20 laur: 10-14) | ![]() |
|||||||||||
|
|||||||||||||
Altibox lagar fotoalbum av tv'enNo kan du både lagra bilde og dokument på ein sikker måte og du kan også visa bilda via tv skjermen.
Det vert lettare å visa fram dei beste bilda frå digitalkameraet ditt når no Altibox kan gjera tv’en din om til eit fotoalbum. Kopier bilda dine over på tenesten ”Memory” og du har tilgang til bilda gjennom tv-ruta. Tar du godt nok vare på bilda dine?Fotografi er noko av det mest verdifulle og uerstattelege me har. Det er derfor viktig at me har ein trygg stad for lagring. Ved å kopiera inn bilder på ditt eige lagrinsområde hos Altibox så er du sikra ein trygg lagring på Altibox sine serverar om det skulle skje noko med datamaskinen din. Også andre filtyper, som tekstdokument eller video, kan også lagrast på Memory-tenesten. Ved å lagra bilde, dokument, video på Altibox-serveren har du tilgang til desse kvar enn i verda du er om du kan kobla deg til Internett, uansett om du har med deg din eigen datamaskin eller ikkje. Alle kundar har tilgang til eit lagringsområde for dokument og bilde på Altibox’ server. Det sikre lagringsområdet vert no kopla saman med tv-portalen. Kundane kan kopiera inn bilde på lagringsområdet sitt og straks etterpå sjå bilda på storskjerm i stova. LagringskapasitetOmrådet for "Memory" er no auka frå 1 til 5 GB for alle kundar, noko som gir plass til fleire tusen bilde. Grunnpakken på 5 GB har inga ekstra kostnad og inngår som ein del av tilbodet til Altibox-kundane. Om du treng meir lagringskapasitet er dette mogleg å kjøpa. Bestilla tenestaDersom du allereie ikkje har bestilt "Memory" kan du gjera det ved å logga deg inn på "Din Altiboxportal" >>> og bestilla tenesten. 5GB er inkludert i abonnementet ditt, større lagringskapasitet kan du kjøpa. Logg innHar du allereie bestilt tenesta "Memory" så kan du logga inn her >>> og du kan laste opp bilde, dokument, video. Du kan også dela bilda med venner og familie på ein enkel måte. Markèr den eller dei filene du vil dela, klikk på "del merkede" og det kjem opp ein dialogboks der du må setja inn epostadressa til mottakarane. |
|












