![]() |
KUNDESUPPORT BREIBAND: 53 42 89 20 (mån-fre: 08.00 - 19.00) | ![]() |
|||||||||||
|
|||||||||||||
Lokale filmarKundane våre har gratis tilgang til ein del lokale filmar på TV-portalen. Hausten 2009 er det kommen nye episodar av "Mary Constance".
For å finna dei lokale filmane vel du "Tjenester" på TV-portalens framside. Velg så "Haugaland" og trykk OK, du kan så velja mellom Bømlo, Haugesund og Mary Constance. Les meir om korleis du kan finna dei lokale filmane på TV-portalen under TV brukarrettleiing. Brynjar Stautlandsitt selskap Stautland Videoproduksjon ans vart stifta i 1991 med føremål å levere levande bilete for kringkastingsstasjonar og næringsliv på Vestlandet. Idag er selskapet ramme for produksjon og tenester innan dokumentarfilm, oppdragsfilm, underholdnings-tv, manus, fotografi, bøker, artiklar, foredrag, undervisning og teater. Tema og kundar er i hovudsak knytta til Vestlandet, men Island, Sverige, Midtausten og Afrika har i periodar også vore arbeidsplass. Brynjar Stautland seier sjølv: ”Mitt bidrag er å fortelje historier. Eigne og andres, nære og fjerne historier. Sanning og dikt, med film, bilete, ord og musikk. Eg har utdanning innan pedagogikk, teater og fjernsynsregi, og har tidlegare arbeidd på heiltid i skuleverket og reklamebransjen.” Kundane våre får no gratis tilgang til ein del av desse filmane på TV-portalen. Hittil er det lagt ut 13 av Brynjar Stautland sine filmar. Les meir om filmane her >>> Torgrim Holteer ein norsk illusjonist og hypnotisør, og han har sidan slutten av 80-tallet arbeida som artist. M.a. har han i dei tidlege delene av karrieren stått bak ein stor rekke opptredener på diskotek, hotell, cruice-skip og andre stader både i Noreg og Norden. På 90-tallet reiste han rundt under krigen i Bosnia og underheldt soldatar i SFOR-styrkene, med eit utall show i Tuzla, Sarajevo, Doboj, Zagreb , Split og Dubrovnik. Sidan slutten av 90-tallet har Holte viet tida si til å utvikle show for TV. I Tyrkia blei showet Get Hypnotized kringkasta våren 2000. Han oppnådde der "all time high" med over 20 mill sjåarar pr. program. I 2000 ble Holte nominert til Montreux- prisen "Den gyldne Rose". I 2001 og 2002 var Holte hypnotisør og programleiar i programma ”Hjelp, jeg er hypnotisert” og ”Over grensen” på TV2. Dei par neste åra produserte han over 50 episoder av hypnoseshowet sitt for den arabiske tv-kanalen MBC1, og han hadde også fleire private show for den arabiske kongefamilien. Etter dette har han jobbet med corporate events, og røykeslutt-hypnose. Sist var han aktuell med hypnoterapi på DVD. Sommeren 2008 hadde han «sommerjobb» for TV Haugaland, og lagde 12 reiseprogram under tittelen «Mary Constance» der kaptein Torgrim Holte og mannskapet hans har vore på tur langs Haugalandskysten for å visa Haugalandet fram frå si vakraste side. Me møtar spennande menneske, får kjendisbesøk og du får eit innblikk i livet ombord i båten, Mary Constance. Programma har vore vist i Frokost TV på TV Haugaland, og 10 av dei ligg klare på TV-portalen for kundane våre. Sommaren 2009 var Torgrim Holte på ny på tokt med "Mary Constance", og det er no laga nye episodar som ligg tilgjengeleg på TV-portalen. Frå 2008 finn du desse programma:• Episode 1: Finnås, Geitung. Gjester: Daniel Larsen, Bjarne Geitung. Frå 2009 finn du desse programma:• Bømlo: Mosterhamn og musikalen Miss Saigon. Kjende artistar i alle program. |
|














