Memory

Sikra deg - før ulukka er ute!
Har du bilde, musikk eller andre viktige dokument lagra på pc-en din – tar du kanskje sikkerhetskopi av desse på cd, minnebrikke eller ekstern harddisk.

Sikker lagring br 555

I så fall bør du vera merksam på at dette er utstyr som dessverre kan verta øydelagt eller gå tapt. Tida er inne for å sikra uerstattelege minner og filer på ein trygg stad. Altibox gjer jobben enkel for deg.

Dei fleste av oss har lagra filer me nødig vil mista. Det kan t.d. dreia seg om e-post, notat med viktige opplysningar, musikk, film, kontraktar, attestar og ikkje minst bilde. Tenk berre på kva mobil- og digitalkamera sitt inntog har ført til: Millionar av foto ligg no lagra på m.a. pc-ar og cd-ar. Færre og færre av bilda vert  fremkalla, men i staden presentert for venner og familie via MMS, på tv-en eller pc-skjermen.

Haken ved dette er at både pc-ar, telefonar og det du får kjøpt av fysisk sikkerhetsutstyr, er gjenstander som kan gå i stykker eller i verste fall forsvinna. Nettopp derfor ønsker me å gjera deg klar over kva enkle grep du som Altibox-kunde no kan gjera for å sikra filene dine til evig tid.

Oppgradert Memory

Lagringstjenesta Memory utviklar seg stadig og no er versjon 3.0 introdusert. Denne versjonen byd på fleire spennande oppgraderingar.

Det er no mogleg å visa fleire album på tv, samt eit meir brukarvennleg brukargrensesnitt som gjer det enklare for deg å bruka tenesten.

Når du kjem heim frå ferie med alle fotominna er det berre for deg å lasta bilda opp på Memory. Så kan heile familien samlast foran tv'en og sjå bilda.

Memory 3.0 har blitt forbetra med:

    * Nytt design på grensesnitt
    * Introduksjon av ”Forside” (dashboard med oversikt over konto)
    * ”Filhandsaming” og ”Foto galleri”
    * Støtte for vising av fleire album på TV (for kundar med meir enn 5GB konto)

Sikkert som banken

Nytt frå oss er nemleg tjenesten "Memory". Med dette kan du lagra filer på serveren vår – og på denne måten vera heilt trygg på at dei ikkje forsvinn.

For å ta i bruk "Memory" må du sjølv bestilla tenesten ved å logga inn på "din Altibox kundeportal" (oppe til høgre på nettsida. Velg "Internett" og "Memory". Når du har gjort dette, og du har mottatt ditt eige brukarnamn og passord, kan du lagra opp til 50 gigabyte hos oss. Du har éin gigabyte lagringsplass inkludert i abonnementet ditt, men du kan auka denne til 5, 10, 15, 25 eller 60 gigabyte for henholdsvis gratis, 19, 29, 49 og 79 kroner per månad.

Kvar som helst - kva tid som helst

Den viktigaste årsaka til at me anbefalar deg å ta i bruk "Memory", er at du skal slippa å oppleva det kaoset og den frustrasjonen som ofte oppstår når ein mistar bilde eller andre viktige dokument. Når det er sagt – vil me også gjera deg klar over dei andre fordelene med tjenesten.

Når du har lagra filer på serveren vår, kan du nemleg når som helst, forutsatt at du har tilgang til internett, logga deg på frå ein pc kvar som helst. Ved å logga deg på med brukernamn og passord har du uavhengig av kvar du er, og kva pc du nyttar, tilgang til alt du har lagra hos oss.

Dersom du t.d. vekslar mellom bruk av jobb- og privat-pc, kan du på denne måten enkelt få tilgang til alle filene dine på begge maskinene. Slik slepp du å plundra med e-postvedlegg, cd-ar eller minnebrikker for å fortsetta den jobben du starta på kontoret på ein annan maskin når du kjem heim.

Del med venner og familie

Ein annan funksjon ved "Memory" er at du enkelt kan dela bilde med venner, familie eller kollegaer. Det gjer du enkelt ved å markera den eller dei filene du vil dela, for så å klikka ’del merkede’. Du får då opp ein dialogboks der du må angi e-postadressen til mottakaren. Heilt enkelt.

Bestill

Bestill "Memory" hos Finnås Kraftlag i dag. Send epost til breiband@finnas-kraftlag.no eller ring 53 42 89 00.

Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
 Altibox og Finnås Kraftlag best i bransjen!
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Kjøp Altibox-produkter hos lokal Elkjøp
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Last ned Altibox TV Overalt-appen
Breibandskunde nr. 4.000
Breibandskunde nr. 4.000
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Tilgang til nasjonal førstehjelpskanal
Trådlaus TV
Trådlaus TV