TV portalen

Med den interaktive tv-portalen frå Altibox er det mogleg for deg å bruka tv'en til så mykje meir enn berre å sjå på vanleg tv.

Me oppgraderar stadig tv-portalen slik at vala dine skal bli enklare. Tv-portalen kjem opp kvar gong du skrur på tv-dekodaren, sånn at no vil den bli den naturlege startsida di med alle dei muligheitene som ligg der.

Vil du vita meir om portalen? Trykk på den blå knappen på fjernkontrollen for å få opp HJELP-funksjonen, eller les meir om tenestene under menyknappen ”brukarrettleiing”.

Får du ikkje opp den nye tv-portalen  - restart tv-dekodaren din ved å trekka ut straum-tilførsla.

Radio: Trykk på RADIO - skift kanal med pil opp og ned

Du har tilgang til desse radiokanalanemed digital kvalitet når du har TV basispakken:

NRK P1 (16 distriktssendingar), NRK P2, NRK P3, P4, Radio Norge, NRK Alltid Nyheter, NRK MP3, NRK Alltid Klassisk, NRK Gull, NRK Super, NRK Folkemusikk, NRK Samì Radio, NRK Distriktskanaler, NRK Jazz, Scandinavian Satellite Radio.

Radiokanalene finn du på forsida på TV-portalen (etter dei ordinære TV-kanalene).

Filmleige

Altibox har meir enn 1000 digitale filmar som ligg tilgjengeleg bare nokre tastetrykk unna. Trykk på den gule knappen på fjernkontrollen - og du er i gang. Les meir!

Tv-guide

Du får total oversikt over programma som går på dei kanalar du abonnerar på via den elektroniske programguiden (EPG). Du kan også leggja inn om du ønskjer å bli varsla om at tv-program startar – slik at du får med deg dei programma du vil sjå. Trykk på grønn knapp på fjernkontrollen for å  få opp den elektroniske programguiden.

Eigen fotballportal

Altibox har utvikla ein interaktiv fotballportal i eliteklassen, der det beste frå internett og tv er smelta saman. Ved hjelp av nokre tastetrykk på fjernkontrollen kan du følgja Tippeligaen. Les meir!

Min side

På Min Side kan du sjølv personifisere innhaldet på tv-portalen din. På denne måten får du di eiga personlege portal, der innhaldet er mest mogleg relevant for kvar einskild brukar.

Du kan definera dine eigne ”nyhetsfeeds”, få vermelding frå ditt eige lokalområde og webkamerabilde frå ønska stader. 

Program on Demand (POD)

Gjekk du glipp av eit tv-program då dette vart send?
Ein avtale med TV2 (betalingstjeneste) gjer det mogleg å sjå mange av tv-kanalen sine eigenproduserte program, som du kan sjå kva tid du vil og kor mange ganger du vil.

Det fins og fleire lokale tv-kanalar. Les meir!

Eiga kanalsortering

Under innstillingar kan du laga di eiga kanalliste, og du kan og skjule kanalar som du ikkje ønskjer i kanallista di. Dette kan vera nyttig om t.d. barna har tv på rommet, og du ikkje ønskjer at dei skal ha tilgang til enkelte kanalar du abonnerer på.

Spel

På tv-portalen fin du spel som 'Suduko', 'Minigolf', 'Remember', 'Brick' etc.

Digital peis og akvarium

Skap litt stemning i stova med eit knitrande peisbål på tv-skjermen. Eller kva med nokre fargerike akvariefisk?

Chill er lansert for PC og Mac
Chill er lansert for PC og Mac
Nytt om kanalar
Nytt om kanalar
Chill
Chill
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!
Få kontroll på Altibox tjenestene - overalt!