Epost & heimeside

E-posttenester frå Altibox er tilpassa alle behov og er tilgjengeleg uansett kor ein måtte vera seg i verda via webmail. E-postsystemet kan brukast med kva som helst nettlesar.

Avhengig av kva type abonnement du har frå oss, så får du mange e-postadresser i tillegg til hovedadressa. Treng du fleire, er det mogleg å betala pr. ekstra adresse. Utanom dette får du også tilgang til kalender der du kan setja inn eigne planar og gjeremål, ”to do”-lister etc – med varsling når det nærmar seg tida for at du må gjera det.

Webmail, kva er det?

I korte trekk vil dette seia at du har eposten din liggande på servaren vår. Dette tyder at eposten ikkje tar opp plass på eiga PC, og at om du får crash på PCen så har du fortsatt alle epostar inntakt. Dessutan kan du lesa og senda epost frå  andre PCar enn din eigen. Kvar epost-adresse har 1 GB tilgjengeleg lagringsplass, og du kan senda e-post med vedleggs-storleik opp til 50 MB.

Korleis lesa epost i Microsoft Outloook eller andre epostprogram?
Ønskjer du å lesa meir om webmail, finn du meir informasjon under knappen brukarrettleiing.

Du kjem direkte til innlogging for webmail i topp.menyen her.

Heimeside

Har du Altibox, kan du også laga di eiga heimeside og får opptil 100MB å boltra deg på. Og du får meir enn nok lagringsplass å boltra deg på til historier, bilde eller kva du har lyst til å dela med resten av verda! Det einaste du treng i tillegg er eit program som kan laga heimesider og god, gammaldags skapartrang.

Du finn meir informasjon under knappen brukarrettleiing.

Nye kanalar i august
Nye kanalar i august
10 nye HD kanalar
10 nye HD kanalar
Nye superhastigheiter på internett
Nye superhastigheiter på internett
Nye PVR tenester!
Nye PVR tenester!